Barnehagedagen 2026

10.mars vart den nasjonale barnehagedagen markert i Bygland barnehage. 

Tradisjonen tru så har Byglandsfjord barnehage vore på besøk i Bygland barnehage, slik har dagen blitt markert i Bygland i mange år. 
Leik og moro er i fokus når to barnehagar treffast på ein heilt vanleg tysdag i mars! 
Mat må og til, pølse i brød og lompe er eit fast innslag.

Barnehagedagen skal sette fokus på innhald og kvalitet i barnehagen. 
Gjennom medverknad, leik, felles aktivitetar og godt foreldresamarbeid skal barn oppleve å vere ein del av fellesskapet og bli behandla med respekt.  Årets slagord  «rom for alle» understrekar dette. 
I barnehagane i Bygland arbeidar vi for at alle barn skal få deltake i leik, i venskap og for å kunne vere seg sjølve – slik skapar vi eit godt og utviklande ROM FOR ALLE.

Barnehagedagen 2026 Bygland kommune

 

Barnehagedagen 2026 Bygland kommune Barnehagedagen 2026 Bygland kommune Barnehagedagen 2026 Bygland kommune Barnehagedagen 2026 Bygland kommune