Avdelingsleiar Helse og Livsmeistring, Bygland Kommune

Brenn du for helse og livsmeistring, og ønskjer du nye utfordringar? Bygland kommune lyser ut eit 100% vikariat som Avdelingsleiar Helse og Livsmeistring. Søknadsfrist 07.04.2026

Avdeling helse og livsmeistring har ansvar for eit breitt spekter av tenester som styrkjer helse, meistring og livskvalitet i kommunen.  Avdelinga omfattar habilitering og psykisk helse, fysioterapi, helsesjukepleiar- og skulehelseteneste, jordmor, rus og psykisk helse med dagtilbod, flyktningteneste, støttekontakt og avlasting, samt kommunal psykolog. Leiar har òg ansvar for det psykososiale kriseteamet.

No har me eit vikariat som avdelingsleiar for Helse og livsmeistring, og me treng deg som har leiarerfaring – eller som er nysgjerrig på om ei leiarstilling kan vere noko for deg. Me ser etter ein person med stor arbeidskapasitet, som trivst i ein travel kvardag og er svolten på nye utfordringar. Du må vere god med folk og ha evne til å rettleie, setje grenser og bidra til at medarbeidarane dine lukkast. 

  • Søknadsfrist: 07.04.2026
  • Heltid / Deltid: Heltid
  • Ansettelsesform: Vikariat
  • Stillingsprosent: 100
  • Webcruiter-ID: 5087790447

For meir informasjon og heile stillingsutlysing:

Annonse på Webcruiter