Sjølv om isen ligg tjukk på mange vatn kan det vere sprekkar langs land på grunn av regulering av vasstanden. Det er utrygt langs kantane, ved bekkeosar og inntak/utløp til dammar og kraftstasjonar. Mykje snø kan nokre stader også dekkje over råker og bekker.
Vidare vil straumdragsforholda i vatnet kunne laga råker eller parti med dårleg is. I område med mykje snø blir tyngda av snøen så stor at isen blir trykt ned. Dette fører til at vatn kjem opp gjennom sprekkar i isen og dannar overvatn.
Alle som ferdast ved og på regulerte vatn blir derfor oppmoda til å vere svært forsiktige.
Mange opne råker i isen kan for isbadarar sjå ut til å vere fine badeplassar, men årsaka til opne råker er ofte straumdrag på grunn av kraftproduksjon eller naturlege straumdrag. Det blir derfor også åtvara mot isbading i regulerte vatn.
Kart over regulerte vatn
For dei fleste turområde er det laget kart der farlege område er merkte. Me har samla nokon av desse i ei oversikt.
Kart over regulerte vatn