Bygdekinoen på Bygland kulturscene - onsdag 20.05. kl. 17.30: Sauedetektivene
Ei fårete forteljing for heile familien!
Sauedetektivane er ein morosam og spennande film for heile familien. Me følgjer gjetaren George Hardy, som elskar sauene sine og les høgt frå krimbøker for dei kvar kveld. Det George ikkje veit, er at dei sylskarpe sauene forstår kvar einaste finurlege detalj og diskuterer rettesnorene i time etter time.
Når deira kjære George plutseleg døyr under mystiske omstende, skjønner flokken raskt at dette ikkje er ei ulykke, men ei ekte kriminalsak! Med ein lokal politimann som er på djupt vatn, bestemmer dei modige sauene seg for å forlata den trygge, irske enga for aller første gong. No må dei bruka all si kløkt og samarbeidsevne for å løysa mysteriet og redda familien sin!
Premiere: 08.05.2026
Originaltittel: The Sheep Detectives
Regi: Kyle Balda Språk
: Norskengelsk
Norske stemmer: Line Verndal, Stinius Maurstad, Kåre Conradi, Håvard Bakke, Vivild Falk Berg, Jonas Hoff Oftebro, Øystein Røger, Anette Hoff, Marion Ravn, Mathilde Storm, Silas Vasstrand, Emil Vasstrand, Nils Ole Oftebro, Vidar Magnussen, Hennie Vanay-Almaas, Ingeborg Marie Eikli Rygh, Kasper Holt Ekeberg, Iben Nerland Macdonald
Sjanger: Komedie / Familiefilm
Spilletid: 1 t. 49 min.
Nasjonalitet: USA
Aldersgrense med grunngiving: 6 år
Filmen får aldersgrense 6 år fordi ho inneheld enkelte dramatiske og mørke innslag som kan verka urovekkjande på dei yngste barna. Handlinga er bygd opp rundt eit mordmysterium, som kan opplevast som spennande, men også litt skremmande for barn under skulealder.