Ole Jonny and The Kingsmen: “Elvis goes to church” - konsert i Bygland kyrkje - Bygland kommune

Ole Jonny and The Kingsmen: “Elvis goes to church” - konsert i Bygland kyrkje

Elvis goes to Church
  • Konsert

Ole Jonny and The Kingsmen: “Elvis goes to church” - konsert i Bygland kyrkje

Dato

Laurdag 2. mai 2026

Tidspunkt

kl. 19:00 - 20:30

Stad

Bygland kyrkje

Velkomen til konsert  “Elvis goes to church” med Ole Jonny and The Kingsmen, Bygland kyrkje 2. mai kl. 19.00

Konsert  “Elvis goes to church” , Bygland kyrkje 2. mai kl. 19.00

Bandet heiter Ole Jonny and The Kingsmen og består av fem godt vaksne menn, busett i Gudbrandsdal. Nærare bestemt i Sel kommune i Nord-Gudbrandsdal.

Elvis goes to church, inneheld låtar frå Elvis sine gospelplater og bandet speler dei på viset sitt, utan å etterlikna Elvis på nokon måte. 

Mellom låtane blir det forteljingar om Elvis’ forhold til songane, med ein fin balanse mellom humor og alvor. All prat skjer på Heidalsdialekt, ein dialekt frå Nord-Gudbrandsdal. Dette er det sjefen i bandet, Ole Jonny Bekkemellem, som står for. Men frykt ikkje, for ved pianoet sit Frolendingen, Vidar Hoel. Han er organisten i Sel og har budd over 30 år på Otta, og han vil omsetje der publikum slit med å forstå kva som blir sagt. 

På gitar har me den eldste i bandet, Morten Graff, som er pensjonert lærar. På bass har me den yngste, Henning Grindstuen, rekneskapsføraren, og på slagverk har me Ole Erik Bjørnstadhaugen, avdelingsleiar på musikklinja ved Vinstra vidaregåande.

Dette blir bandets tredje tur til Sørlandet. I tillegg til Bygland kyrkje 02.mai, blir det konsert i Barbu kyrkje 01.mai og på heimvegen blir det konsert i Svelvik kyrkje 03.mai. 

Konsertane startar klokka 19 og billettar til Bygland kyrkje kan du få kjøpt på førehand hos Hoopla.no. Resterande billettar blir selde ved inngangen. Prisen er 300 kroner pluss avgift.

 

Kjøp billett hos Hoopla.no

Praktisk informasjon

Om arrangøren

Blir arrangert av

Bygland kyrkjelege fellesråd

Kontakt

Ann Cecilie Andersen

Om staden

Namn

Bygland kyrkje

Om arrangementet

Pris voksen
300