Kosmiske mysterier og spektakulære fenomener!
Lurer du på om det finst fleire planetar i solsystemet vårt?
Kva tyder det at vi har den største aktiviteten på Sola på 22 år?
Kva skjer om nærflygande asteroider treff månen? Er det bevis for liv på ein planet 124 lysår unna oss!?
Vil du kjenne på ein 3 kilos stor meteorittstein?
Fredag 6.mars kl 12.00, på Bygland Kulturscene, kan du få med deg eit foredrag av Knut Jørgen Røed Ødegaard - Noregs kanskje fremste ekspert på universet.