BookUp - leige av kommunale lokaleBygland kommune har tatt i bruk digitalt bookingsystem for kommunen sine utleigelokale, der den enkelte kan bestille tid sjølv på nett 24/7. BookUp presenterer utleigelokale frå mange kommunar.I første omgong har vi tatt med selskapslokale og grendehus i Bygland:Lokstallen, ByglandsfjordPakkbua, ByglandsfjordGrendi skuleÅraksbø grendehusOse grendehusEtter kvart kjem også Årdalshallen, Byglandshallen og Bygland kulturscene.Korleis gjer du dette?For å kunne bruke BookUp, må du sette opp brukarkonto. Dette gjer du som er privatperson eller du som er representant for eit lag eller foreining i Bygland.Treng du hjelp til dette, kan du ta kontakt med sentralbordet på e-post: post@bygland.kommune.no eller på telefon 379 34 700.Her bestiller du lokale: BookUp - bookingsystem for kommunale lokaleSlik gjer du det: Brukarmanual (PDF, 5 MB)Når du har funne eit lokale i Bygland og startar booking-prosessen, sender du først ein førespurnad via BookUp-systemet til kommunen sin kontaktperson. Denne sjekkar førespurnaden og datoen og gir deg ei tilbakemelding snarast mogleg. Først etter at førespurnaden er godkjent, er bookinga fullført. Du kan ikkje booke direkte utan at kontaktpersonen til lokalet veit om det.Kva koster dei ulike lokala? Lokstallen Utleige av LokomotivstallenRomPrisMerknadStorsalen (heile bygget)2 500Inkl. reinhaldBerre loftet og kjøkken870Pris pr. overnatting pr. pers210 Pakkbua Utleige av PakkbuaRomPrisPris for leige av bygget870 Grendi skule Utleige av Grendi skuleRomPrisPris for leige av bygget870 Åraksbø grendehus Utleige av Åraksbø grendehusRomPrisPris for leige av bygget870 Ose Grendehus Utleige av Ose grendehusUtleige av Ose grendehusRomPrisStorsalen (heile bygget)3 800Liten sal (biblioteket)1 630Gang i andre høgda1 090Første etasje1 630Liten sal (biblioteket)1 090Gang i andre høgda1 090Fyrste etasje1 090Leige av kjøkken til matlaging870 Publisert 12.08.2025 17:44 Sist endra 12.08.2025 17:44