Slette seksjoneringSlette seksjoneringOm eigedomen ikkje lenger skal vere seksjonert, kan seksjoneringa bli oppløyst og sletta av kommunen. Kommune sender melding om oppheving til Kartverket.Korleis oppheve seksjoneringDu søkjer å oppheve ein seksjonering ved å fylle ut søknadskjemaet Søknad om sletting av seksjonering. (PDF, 210 kB)Dokumentasjon til søknadAlle seksjonseigarar må signere på søknadenNår det finns bustad i sameige, og fleire enn ein person er heimelshavar i sameige, må det bli lagt ved ei stadfesting om at den enkelte heimelshavar ikkje har eksklusiv bruksrett til ein enkelt bustad. I denne stadfestinga må ein gjere greie for kva som er årsaka til at seksjoneringa skal bli sletta.Visst det er tinglyst pant eller urådigheit i eigedomen, må ein leggje ved skriftleg samtykke frå panthavar eller urådigheitshavarBåde stadfesting og samtykke må vere med original signatur.Send inn søknadOriginal signert søknad med vedlegg skal du sende til:Bygland kommuneSentrum 184745 Bygland Publisert 13.07.2023 09:01 Sist endra 12.08.2024 14:34