Seksjonering av utearealSkal det vere ei permanent oppdeling av utearealet i sameige, må ein søke samstundes med søknad om seksjonering/reseksjonering. Dei fordelte uteareala vil då tilhøyre dei ulike seksjonane, og kan ikkje bli endra på utan samtykke frå den eller dei som eig seksjonane.Når ein seksjonerer uteareal, vil areala bli tinglyst som tilleggsarealer til seksjonene. Dette betyr at seksjonane får eksklusiv einerett til bruk av arealet.I utgangspunktet står ein fritt til å fordele utearealet sjølv, men det er likevel nokre vilkår som må vere oppfylt:Alle som eig ein seksjon skal ha moglegheit til å kome fram til eigen seksjon frå fellesarealet.Uteareal som er vedteke som fellesareal i byggjeløyve eller reguleringsplan kan ikkje bli fordelt til einskilde seksjonar. Desse må framleis vere fellesareal.Om felles stoppekran og felles sikringsskap er plassert utandørs, må dette arealet vere fellesareal.Slik søkjer duEin søkjer om seksjonering av utearealet ved å fylle ut søknadskjema for Rekvisisjon av oppmålingsforretning og sendar det saman med seksjoneringsøknaden/reseksjonering.Lenke til søknadsskjemaOppmålingsforretninga må vere gjennomført før seksjoneringa kan bli ført i matrikkelen, og før seksjoneringsbegjæringa kan bli sendt til tinglysing.Dokumentasjon til søknadenSituasjonskart der det er teikna inn fordelinga av uteareala. Det må vere markert tydeleg for kvart uteareal med «seksjonsnummer» og fellesareala med «fellesareal»Dersom areala er koordinatfesta i plan eller allereie oppmålt, kan ein dele opp utearealet digitalt utan oppmålingsforretning.Send inn søknadSøknad i to eksemplar med vedlegg skal du sende til:Bygland kommuneSentrum 184745 Bygland Publisert 13.07.2023 08:57 Sist endra 12.08.2024 14:34