MinEigedom er ein portal der du loggar på med Bank-id. Du får innsyn i relevant informasjon som kommunen har om din(e) eigedom(ar).
Løysinga gir mellom anna informasjon om eigedomen, kart, bygningar med bygningsnummer, kommunale gebyr, vatn- og avløp, renovasjon, vassmålar og feiing.
e-Torg er kommunen sin eigne, døgnopne nettbutikk, der du m.a. kan kjøpe:
- grunnkart, arealplanar, ortofoto-flyfoto, 3D-modell
- meglarpakke
- nabovarsling (eigarliste med skjema for nabovarsling) eller eNabovarsel
- situasjonskartpakke for byggesak