Reglane for køyring på barmark er strengare enn å køyre på snøføre. Vegar som ikkje er opparbeidde for å køyre med vanleg bil, blir rekna som utmark. Det betyr at det er forbode å køyre ATB (og liknande) på traktorvegar om køyreformålet ikkje er knytta til landbruksnæring.
Køyreformål som krev løyve frå kommunen:
Kommunen kan, etter søknad, gi løyve til køyring på barmark, når ein har eit særleg behov som ikkje kan bli dekka på annan måte, som til dømes:
- Hente ved
- Transport av byggemateriale når barmarkstransport gir minst skadar og ulemper
- Tømmertransport for grunneigarar som ikkje har jord- eller skogbruk som næring
I tillegg kan kommunen i unntakstilfelle gi løyve til køyring ved andre særlege behov som ikkje kan bli dekka på annan måte, og som ikkje knyter seg til turkøyring.
Søknad om køyring på barmark blir behandla av Plan-, miljø- og ressursutvalet i Bygland kommune.