Kulturmidlar
- Det kan bli gitt kulturmidlar til lag, organisasjonar, institusjonar og personar som driv eller vil starte kulturverksemd i Bygland kommune.
- Det blir også gitt kulturmidlar til kommersiell kulturverksemd. Denne type tilskot blir ikkje vurdert utifrå retningslinene, men frå sak til sak og det blir lagt vekt på næringsmessige og andre ringverknader i Bygland kommune
- Er ein organisasjon delt opp i ulike grupper/avdelingar eller liknande, skal søknadar bli sendt gjennom hovudlaget.
- Organisasjonar som driv interkommunalt kan få tilskot i høve kor mange medlemmer dei har i Bygland kommune og til kva aktivitetar, tilskipingar eller investeringar dei har i Bygland kommune
Det blir ikkje gitt tilskot etter desse retningslinene til:
- Lag som primært tar vare på yrkes- og økonomiske interesser til medlemmene
- Politiske parti og politiske aksjonar
- Organisasjonar som ikkje er opne for alle
- Reint kommersielle tiltak
Er det tvil om ein søknad kjem inn under retningslinene, vil søknaden bli politisk behandlar.
Driftstilskot
Dei som driv kontinuerleg kulturverksemd kan søke om driftstilskot. Søknadsfrist 1. mai.
Det blir gitt driftstilskot ut i frå desse kriteria:
- Søkar må nytte godkjent søknadsskjema
- Rekneskapsopplysningar må vere bekrefta av revisor
- Søkar må opplyse om aktivitetsnivået i laget eller legge ved årsmelding
- Det blir gitt tilskot med ein sum pr. betalande medlem til og med fylte 18 år
- Dersom årsmelding/rekneskap syner liten aktivitet hjå søkaren, skal tilskotet bli redusert etter skjønn.
Tilskot til særskilde tiltak og tilskipingar
Under føresetnad av at tilskiping/tiltak blir arrangert, blir utført eller blir leia av lag som fell innanfor ramma av desse retningslinene kan vi gje tilskot til særskilde tiltak og tilskipingar.
- Søknad må kome inn i god tid før tilskiping/tiltak
- Det er ein føresetnad at det vert lagt fram truverdig budsjett og at det vert gjort greie for korleis ein vil gjennomføre tilskipinga/tiltaket
Oppstartstilskott til nytt lag
Søknad om oppstartstilskott må innehalde:
- Formålet med laget
- Plan for arbeidet med laget
- Vedtekter eller tilsvarande for laget
- Medlemsoversikt for det nye laget
Generelt oppstartstilskot på kr 2 000 vert gitt til dei lag og organisasjonar som ein finn truverdige.
Tilskot til eingongsinvesteringar/prosjekt
Slike søknader må innehalde så god orientering og plan for investeringa/prosjektet som råd, oversikt over kostnadar og finansiering og eventuelt revidert regnskap for siste året.
Kvar enkelt søknad blir vurdert som eiga sak.
Døme på søknadar som kan få tilskot er: korpsdrakter og instrument, utbetring og renovering i forsamlingshus/kulturbygg, lydanlegg, nærmiljøanlegg, leikeplassar og tilsvarande.
Det er eit vilkår at det blir søkt om tippemidlar til tiltak som kan få dette.
Det må vere ein viss storleik på investeringane, totalkostnaden må vere på minst kr 20 000.
Målgruppe:
- Vi skal prioritere tiltak/tilskipingar som er retta mot barn/unge og folk i alle aldrar.
- Det vert ikkje gjeve tilskot til tilskipingar der det vert seld alkohol.
- Det skal bli lagt positiv vekt på bruk av lokale kulturkrefter, frå Bygland/Setesdal og/eller med nær tilknyting til Bygland/Setesdal.
- Nytenking og nyskaping skal bli vektlagt positivt.
- Tiltak som er knytta til Setesdalkultur, både tradisjonsbevarande og nyskapande, bør Bygland kommune stø opp om.
Tilskotsportalen
Treng fotballaget til poden nye drakter? Kven gir stønad til utbetring av friluftsområde? Kva stønadsordningar finns innan kultur? Svar på dette kan du finne på tilskotsportalen.
Tilskotsportalen er eit verktøy for deg som vil arbeide meir effektivt og lukkast betre i å søke tilskot til prosjekta dine. Tilskotsportalen gir deg ei oversikt over alle tilskotsordningar som blir tilbode til norske organisasjonar, og ein kan søke etter støtteordningar i tilskot i mange ulike kategoriar. Her blir informasjon om tilskota oppdatert kontinuerleg, og du kan få fleire tips om finansiering.
Bygland kommune gir deg som er medlem av eit lag eller organisasjon tilgong til portalen. Det er gratis. Det einaste du treng å gjere er å registrere deg på nettsida.
Tilskotsportalen