Bygland folkebibliotek

Bygland folkebibliotek har hovedbiblioteket sitt i Sørbygget i Bygland sentrum. Byglandsfjord filial har lokale i den gamle stasjonsbygningen på Byglandsfjord

Opningstider Bygland folkebibliotek
Dag Bygland Byglandsfjord
Måndag 11.30 - 15.00 16.30 - 19.00
Tysdag 16.00 - 18.00 10.00 - 14.15
Torsdag 13.00 - 17.00

Biblioteket er stengt i sommarferien (heile juli og ei veke i august)

Bibliotektenesta:

Vi har eit godt utval av tidsskrift, lydbøker og filmar for alle, og vi har fleire bøker enn du nokon gong vil klare å lese!

Du kan søke på Bygland folkebibliotek for å sjå om vi har det du er ute etter. Har vi det ikkje, kan vi skaffe det frå andre bibliotek (fjernlån)

Du kan også søke i Nasjonalbiblioteket si teneste og sjølv tinge bøker o.a. om du har nasjonalt lånekort og pinkode.

Har du lånt ei bok på biblioteket, kan du levere det kvar som helst på Agder. Vi returnerer og bøker du har lånt på andre bibliotek.

Vi tilbyr nybyrjarhjelp i databruk.

Begge biblioteklokala har ei datamaskin til gratis bruk for alle.

Vi har Setesdølen.