Bygland folkebibliotek

Bygland folkebibliotek har hovedbiblioteket sitt i det gamle banklokalet i Bygland sentrum. Byglandsfjord filial har lokale i den gamle stasjonsbygningen på Byglandsfjord

Adresse for filialane

  • Bygland bibliotek, Sentrum 16, 4745 Bygland
  • Byglandsfjord bibliotek, Stasjonsvegen 6, 4741 Byglandsfjord

Bibliotekar: Mari Rygg, tlf. 945 22 025

Opningstider for biblioteka i Bygland 

Du vil kunne kjøpe Vikingsmykket på biblioteket i opningstida.

Opningstider Bygland folkebibliotek
Dag Bygland Byglandsfjord
Måndag 10:00 - 14:00 16:30 - 19:00
Tysdag 09:00 - 14:30
Onsdag 10:00 - 16:30
Torsdag 09:00-12:30 og 14:30 - 17:30

Biblioteket er stengt i sommarferien (heile juli og ei veke i august)

Bibliotektenesta:

Vi har eit godt utval av tidsskrift, lydbøker og filmar for alle, og vi har fleire bøker enn du nokon gong vil klare å lese!

Du kan søke på Bygland folkebibliotek for å sjå om vi har det du er ute etter. Har vi det ikkje, kan vi skaffe det frå andre bibliotek (fjernlån)

Du kan også søke i Nasjonalbiblioteket si teneste og sjølv tinge bøker o.a. om du har nasjonalt lånekort og pinkode.

Har du lånt ei bok på biblioteket, kan du levere det kvar som helst på Agder. Vi returnerer og bøker du har lånt på andre bibliotek.

Vi tilbyr nybyrjarhjelp i databruk.

Begge biblioteklokala har ei datamaskin til gratis bruk for alle.

Vi har Setesdølen.

Vi selger bygdebøkene Bygland Gard & Ått Bind I - VII. Eit bind kostar 300 kroner.