Dersom du har nedsett funksjonsevne kan du søke om tilskot til små eller mellomstore ombyggingar og tilpassingar av bustaden din. Kommunen kan hjelpe deg med alternativa som finns for å finansiere tilpassing av bustaden din
Eksempel på tilpassing av bustaden:
- Tilpasse inngangen slik at den passar for rullestol
- Bygge om, slik at huset passar for rullestol
Målgruppe
- Personar med funksjonsnedsetting
- Eldre som ønskjer å utføre tilpasse bustaden som eit førebyggande tiltak
Kriterie/vilkår
Økonomien din vil ha tyding om du kan få tilpassing av bustad.
Saksbehandling
Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Du vil få tilsendt eit vedtak med grunngjeving. Om du ikkje er enig i vedtaket, kan du klage innan ein frist på tre veker frå du fekk vedtaket. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Klagenemnda i kommunen er klageinstans.
Søke tilskot og/eller startlån
Publisert 22.11.2023 07:15
Sist endra 26.05.2025 12:33