Startlån
Startlån er for personar som ikkje får lån i vanleg bank til kjøp av bustad, og som ikkje har moglegheit til å spare.
Kva er startlån?
Startlån er ei låneordning som blir behandla i kommunane. Husbanken finansierer ordninga.
Kven kan få startlån?
Kommunen kan gi startlån til personar som ikkje får lån eller tilstrekkeleg lånebeløp i ordinær bank. Startlån kan gi deg moglegheit til å få ein nøktern og rimeleg bustad.
Sjekk kven som kan få startlån
Slik søker du
Du søker startlån ved å fylle ut søknadsskjema på Husbanken sine nettsider.
Søk om startlån