Vaksenopplæring

Er du over skulepliktig alder og treng grunnskuleopplæring? Då har du rett til slik opplæring og kan søke om dette

Opplæringa gjeld i dei faga du treng for å få vitnemål for fullført grunnskule for vaksne. du har også rett på opplæring i grunnleggande kunnskap om du treng det. Det kan til dømes vere:

  • lære å lese
  • lære å reikne
  • uttrykke seg skriftleg og munnleg
  • bruke digitale verktøy

Opplæringa skal bli tilpassa ditt behov. Det gjeld både omfang, lengde og tidspunkt for undervisninga. Du som vaksen skal ikkje bli plassert i ordinære klassar saman med barn og unge.

Søknadsskjema finn du her