Skuleskyss

Bur du over ein viss avstand frå skulen eller har du ein særleg farleg eller vanskeleg skuleveg, har du rett til skuleskyss. Er du funksjonshemma eller midlertidig skada eller sjuk, har du også rett til skyss til og frå skulefritidsordninga (SFO)

For å ha rett til skuleskyss, må avstanden mellom skulen og heimen ver meir enn:

  • 2 km for elevar på 1. trinn
  • 4 km for elevar på 2. - 10. trinn

Avstande blir målt frå dør til dør og langs kortaste farbare veg eller gong- og sykkelsti.

Er du elev i grunnskulen og har ein spesielt farleg eller vanskeleg skuleveg, har du rett til fri skuleskyss uavhengig av kor stor avstanden er. Dette gjeld og om du er funksjonshemma eller midlertidig skada eller sjuk.