Målet er at alle skal få rett hjelp til rett tid og at hjelpeapparatet samarbieder på tvers av etatar og faggrupper.
Kva kan SLT-koordinatoren hjelpe deg med?
Kontakt SLT-koordinatoren dersom du:
- treng råd om kven du skal kontakte når det gjeld forebygging av kriminalitet blant unge i Bygland kommune.
- er bekymra for at eit barn, ungdom eller unge vaksne har, eller står i fare for å utvikle kriminell åtferd
- treng råd om kven du kan kontakte når det gjeld vald og overgrep i nære relasjonar
- er bekymra for radikalisme eller valdeleg ekstremisme
Kvifor SLT-modell?
SLT-modellen handlar om å vere i forkant av kriminalitet og fremje trygge lokalmiljø. for å forebygge og redusere kriminalitet blant ungdom og unge vaksne i Bygland kommune, krevs det at både kommune, fylkeskommune, stat, næringsliv og frivillige blir involvert. Det blir lagt vekt på foreldresamarbeid for unge under 18 år.
Målgruppa
Unge mellom 13 - 25 år, med vekt på unge som er utsett for miljø med rus og kriminalitet.
SLT-styringsgruppe
I styringsgruppa er desse med: ordførar, kommuneleiinga, SLT-koordinator og politiet.