Det er litt ulike reglar for ordningane, du kan lese meir om den enkelte ordninga i oversikta under.
Foreldrebetaling barnehage
Ordninga gjeld for elevar på 1.-4. årstrinn i kommunal SFO. For skuleåret 2023/2024 er inntektsgrensene slik det går fram av tabellen under.
Foreldrebetaling SFO 1. - 2. trinn
Foreldrebetaling SFO 3. - 4. trinn
Viktig informasjon om søknad og vedtak
Søknaden gjeld for maksimalt eit skuleår om gangen. Eit skuleår startar i august.
For søknadar før 1. august gjeld kommunen sitt vedtak frå 1. august og ut skuleåret. Blir det søkt etter 1. august, gjeld vedtaket frå første heile månad etter søknadstidspunktet og ut skuleåret.
Betaling for kost kan komme i tillegg.
Ingen hushald skal betale meir en 6 % av inntekta si for ein barnehageplass.
Vedtaket gjeld for eit barnehageår
Søknaden gjeld for maksimalt eitt barnehageår om gangen. Søknad om reduksjon gjeld for både private og kommunale barnehagar.
Ordninga blir ikkje gitt med tilbakeverkande kraft.
Les meir om ordninga på Utdanningsdirektoratet sine sider
Familiar eller hushald med samla personinntekt under 598 825 kroner kan søke om fritak for betaling 20 timer per veke. Ordninga gjeld for 2-, 3-, 4- og 5-åringer, og barn som har utsett skulestart.
Vedtaket gjeld for eit barnehageår
Søknaden gjeld for maksimalt eitt barnehageår om gangen. Søknad om reduksjon gjeld for både private og kommunale barnehagar.
Ordninga blir ikkje gitt med tilbakeverkande kraft.
Les meir om ordninga på Utdanningsdirektoratet sine sider
Gratis SFO for barn med særskilte behov på 5.-7. årstrinn er eit ledd i arbeidet med å sikre at funksjonshemma barn skal bli gitt gode utviklingsvilkår. Desse barna skal ha eit utybytte av å gå i SFO ut over 4.trinn.
Plassering og innhald
Bygland kommune tilbyr plass i SFO for barn med særskilte behov på 5.-7. årstrinn. Plassane er behovsprøvd og blir oppretta ved eininga der barnet går til dagleg.
Barn med særskilte behov har ikkje rett til spesialundervisning i SFO fordi SFO ikkje er ein del av grunnskuleopplæringa, kapittel 5 i opplæringslova gjeld berre for grunnskuleopplæring.
Kven gjeld ordninga for
Bygland kommune har i fleire år hatt ei ordning som skal sikre at barn med nedsett funksjonsevne vert gitt likeverdige utviklingsvilkår i skulefritidsordninga gjennom fordeling av tilskot til helse- og tryggleikstiltak i skulefritidsordninga. Vi har vald å legge same definisjon til grunn for gratis opphald i SFO for barn på 5.-7. årstrinn. Barn med særskilte behov i SFO er i Bygland definert som:
• Svært sjuke barn
• Barn som treng ekstra stell og særleg tilsyn
• Barn med store åtferdsavvik
Krav til dokumentasjon
- Legeerklæring
- Uttale frå PPT i forhold til åtferdsavvik, ikkje lærevanskar
- Uttale frå BUP
Lovar og reglar
Opplæringslova § 4-5
Forskrift om miljørettet helsevern i barnhager og skoler m.v.
Inntekt
Inntekta som blir lagt til grunn er hushaldet si samla person- og kapitalinntekt. Omgrepet "hushald" omfattar i tillegg til ektefeller og registrerte partnarar, også sambuarar. Med sambuar er meint to ugifte personar over 18 år som bur saman, og som har budd saman i eit ekteskapeleg forhold i minst 12 av dei siste 18 månadane, eller har felles barn. Om desse vilkåra er oppfylt skal altså inntekt til sambuar bli tatt med sjølv om vedkomande ikkje er forelder til barnet.
Du må legge ved sjølvmelding som dokumentasjon. Dersom det er endringar sidan siste sjølvmelding, eller eit beløp manglar, er du som søker pliktig til å opplyse og dokumentere dette når du søker.
Slik søker du
Det er kommunen barnet er folkeregistrert i som skal behandle søknad om reduksjon. I Bygland kommune skal du bruke desse skjemaene
Søknadsskjema for redusert foreldrebetaling barnehage og SFO, samt gratis kjernetid i barnehage
Gratis SFO for barn med særskilte behov
Skjemaet er elektronisk og du må logge deg på via ID-porten. Hjelp til å logge på.
Søknadsfrist
Søknadsfristen er 1. mai kvart år om du vil ha søknaden behandla innan nytt barnehage-/skuleår tek til i august. Etter søknadsfristen blir søknadane behandla fortløpande.
Klage
Du har rett til å klage. Ei eventuell klage må vere skriftleg, og du kan sende den til: Bygland kommune, Sentrum 18, 4745 Bygland. Klagefristen er 3 veker etter at vedtak er motteke.