Korleis handterer du tak- og overvatn?

Overvatn er vatn som renn på overflata av tak, gardsplassar, vegar og andre tette flater ved nedbør eller snøsmelding.

Ved å kappe taknedløpet, og leie takvatn ut på eigen plen, reduserer du riskoen for avløpsvatn i kjellaren og bidrar til reinare vatn i Otra.

Utfordring med overvatn

Utfordringa med overvatn er størst i byar og tettstader med høg andel tette flater. Ved store mengder nedbør oppstår flaumskadar på bygningar og eigedomar. Tilførsel av overvatn til det offrentlege avløpsnettet medfører overbelastningar som medfører kjellaroversvømmelse, overløp av kloakkvatn til vassdrag og overbelastning av renseanlegga.

Slik handterar du overvatn

Bygland kommune har som hovudregel at overvatn skal bli handtert lokalt på eigedomen med infiltrasjon og fordrøying, såkalla lokal overvassdisponering (LOD).

Slike løysingar vil gi eit meir robust overvassystem for vil forhindre skadar, samt bidreg til å utnytte overvatnet som ein ressurs.

Utfordring med takvatn

Klimaendringar har ført til meir intens nedbør og større belastning på avløpsnettet. Der nedløpsrøyret er tilkopla offentleg avløpsnett, risikerer du at vatn kan kome inn i kjellaren ved overbelastning. Takvatn er reint og det er ikkje naudsynt å leie det i det offentlege avløpsnettet og gjennom renseanlegget.

Slik handterer du takvatn

Takvatn skal bli handtert på eigen eigedom. Det er enkelt å kappe røyret og du har sannsynlegvis det du treng av verktøy. Utkast og lokk frå du kjøpt hos byggevareforhandlarar. Husdrenering kan bli leia til kommunalt nett via sandfang/drenskum.