Private avløpsanlegg

Definisjon: Eit privat avløpsanlegg er eit system der du rensar avløpet frå hus eller hytte lokalt på eigen eigedom. Anten i eit infiltrasjonsanlegg eller i eit minirenseanlegg.

Tømming av private avløpsanlegg

Alle som har eit privat avløpsanlegg og som ikkje er tilknytta kommunalt nett, er pliktige til å vere med på kommunen si ordning med tømming av slamavskiljar o.l.

For bustadeigedomar som er tilkopla slamavskiljar, er det pliktig tømming annankvart år. For fritidsbustadar er det fast tømming minimum kvart fjerde år. Tette tankar skal tømmast etter behov.

Varsel om tømming blir gitt minst to veker før tømming.

Abonnenten skal sjå til at anlegga på tømmedagen har lett tilgang for tømming med bil. Kumlokk skal på tømmedagen vere fri for jord, snø, is og liknande.

Dersom du har behov for ekstra tømming eller har problem med avløpsanlegget, så kontakt Bygland kommune på telefon 379 34 700.  

Skal du bygge bustad/hytte i eit område utan offentleg avløpsanlegg?

Før du starter ein byggeprosess eller skal frådele ei bustadtomt der det ikkje er moglegheit for tilkopling til kommunalt avløp, må du søke om utsleppsløyve etter forurensingsforskriften §12-4 og løyve til å bygge anlegget etter plan- og bygningsloven §20-1

Søknadsskjema for etablering og/eller rehabilitering av private avløpsanlegg

Ein må bruke ansvarlege føretak for anlegg av nye avløpsanlegg eller rehabilitering.

Skal du frådele tomt?

Før du skal frådele ei tomt, må du sikre at du har ei godkjent avløypsløysing og tilgong til nok vatn av tilfredsstillande kvalitet. Dette betyr at du må søke om utsleppsløyve før du kan frådele tomt.

Les meir om frådeling og søknadsprosess

Har du allereie ei frådelt tomt?

Før du skal søke om byggeløyve, må du sikre at du har ei godkjent avløpsløysing og tilgan til nok vatn av tilfredsstillande kvalitet. Dette betyr at du må søke om utsleppsløyve før du kan bygge.

Les meir om byggeløyve og søknadsprosess

Slik søker du:

  1. Ta kontakt med eit føretak med tilstrekkeleg kompetanse innanfor fagområdet. Di utarbeider søknad om utsleppsløyve på vegne av deg. 
  2. Send søknad om utsleppsløyve til Bygland kommune. Dette blir gjort av prosjekterande føretak som også er ansvarleg søkjar.
  3. Avløpsanlegget må bli prosjektert og bygd i samsvar med gjeldande lover og forskrifter.
  4. Ved å samarbeide om felles avløpsanlegg med ein eller fleire naboar, kan ein redusere utgiftene