Kommuneplanen sin samfunnsdel 2020 - 2032
Kommuneplanen sin samfunnsdel (PDF, 4 MB)blei vedteken av kommunestyret den 14.05.2020.
Revisjon av kommuneplanen sin samfunnsdel
Kommuneplanen er kommunen sitt øvste styringsdokument. Den består av ein samfunnsdel og ein arealdel. Kommuneplanen sin samfunnsdel skal ta stilling til langsiktige utfordringar, mål og strategiar for kommunesamfunnet heilskapleg og kommunen som organisasjon.
Ny kommuneplan sin samfunnsdel skal etter planen bli vedtatt i desember 2024.
Innspel til høyring av kommuneplanen sin samfunnsdel
Samfunnsdelen er nå på høyring i seks veker. Det betyr at vi vil ha innspel til planen. Etter høyringsfristen vil formannskapet gå gjennom alle innspela og lage ein endeleg versjon av planen, som deretter blir lagt fram for kommunestyret. Du vil ikkje få svar på innspelet ditt, men det blir vurdert i det vidare arbeidet med planen.
Nytt gjerne det digitale skjemaet for innspel under.
Alternativt kan du sende innspelet til Bygland kommune, Sentrum 18, 4745 Bygland eller på e-post til post@bygland.kommune.no. Merk innspelet med 2022/374.
Innspelsskjema finn du her.
Planprogram og kunnskapsgrunnlag
Planprogrammet seier korleis kommunen skal jobbe med å lage kommuneplanen sin samfunnsdel og skildrar organiseringa av arbeidet, tidsplan og opplegg for medverknad. Planprogrammet er slått saman med kommunen sin planstrategi for 2024-2028, og inneheld viktige utviklingstrekk og føringar for planarbeidet.
Planprogram for kommuneplanen sin samfunnsdel og planstrategi (PDF, 2 MB). Vedteke av kommunestyret 19. juni 2024.
Saksprotokoll: Vedtak av planprogram for kommuneplanen sin samfunnsdel og planstrategi. (PDF, 208 kB)
Kunnskapsgrunnlag inkl. folkehelseoversikt 2024 ligg til grunn for arbeidet med viktige utviklingstrekk for kommunen.
Samskaping politikk og administrasjon
06.03.2024 Politisk verkstad
Tverrpolitiske diskusjonar av utviklingstrekk, lokalt utfordringsbilete og moglegheitsrom
16.04.2024 Politisk verkstad
Tverrpolitiske diskusjonar om hovudsatsingar/visjonar og prioritering av mål:
I mellom dei to politiske verkstadane vart dei politiske partia bedt om å gi tilbakemelding på følgjande spørsmål:
- Er det behov for revisjon av samfunnsdelen?
- Kva for satsingsområde skal bli prioritert i perioden?
Innspel frå Senterpartiet (PDF, 121 kB)
Innspel frå Arbeidarpartiet (PDF, 52 kB)
Innspel frå Høgre (PDF, 79 kB)