Ordførar Runar Flåt Granheim

Ordførar sin kalender

Vi tek atterhald om endringar i ordføraren sitt program.

Veke 44

Måndag 28. oktober
Statsforvalter og PMR: Temadag Revsnes
Bygland Ungdomsråd - Bygland
Formøte Agder-eigarar Å Energi, Evje

Tysdag 29. oktober
 Frokostmøte Statsforvalter
Møte om Ose bru, Agder FK og SVV
Møte AP

Onsdag 30. oktober
Møte næringsaktør
Kontor - Bygland

Torsdag 31. oktober
Møte Levekårsutval
Teamsmøte LVK
Møte Formannskap

Fredag 1. november
Teamsmøte D-FACT

Veke 45

Måndag 4. november
Eigarmøte Å Energi, Larvik
Møte Bygland AP

Tysdag 5. november
Kommunestyremøte

Onsdag 6. november
Møte Setesdal regionråd
Møte Verdsarvrådet

Torsdag 7. november
Setesdalskonferansen på Revsnes

Fredag 8. november
Møte næringsaktør
 

Veke 46

Måndag 11. november
Møte kommunedirektør
Kontor - Bygland

Tysdag 12. november
 Politiråd

Onsdag 13. november
Formøte PSV (Bygg Bygland)

Torsdag 14. november
FOT (førebuing styremøte Bygg Bygland)

Fredag 15. november
Privat avtale
 

 

 

Kva er oppgåvene til ein ordførar?

Ordføraren er kommunen sin øvste politiske leiar, og er kommunen sin rettslege representant. Ordføraren og varaordføraren blir valde av kommunestyret for fire år.

Bygland kommune har ordførar på heiltid.

Ordføraren sine viktigaste oppgåver er:

  • Å vere møteleiar for formannskap og kommunestyre.
  • Å representere kommunen ved ulike høve.
  • Å vere bindeledd og formidlar av synspunkt mellom folkevalde og administrasjon.
  • Å vere tilgjengeleg for kommunen sine innbyggarar og å følgje opp enkeltsaker i samband med det.
  • Å vere drivkraft i kommunen sitt tiltaksarbeid.

Helsing frå ordførar

Kjære alle saman!

Eg blei valt til ordførar i Bygland kommune den 19.10.2023.  

Saman med kommunestyret vil eg jobbe for eit godt samarbeid mellom politikarar, kommune, innbyggarar, næringsliv og dei frivillige. Gjennom samarbeid skapar vi framtidstru, vekst og eit godt samfunn. Vi skal arbeide saman for at kommunen vår også framover skal vere ein god kommune å vere i, for store og små, både for innbyggarar og besøkande.  

Bygland kommune har mykje å tilby! Vi har Byglandsfjorden, ein rik og tilgjengeleg natur, eit rikt kulturliv og vi leverer gode kommunale tenester.  

Eg er oppteken av å ha god kontakt med innbyggarar og andre som har tankar og idear som gjeld Bygland kommune.  

Ta gjerne kontakt på telefon, e-post eller stikk innom kontoret for ein prat.  

Med venleg helsing Runar Granheim