Agder sekretariat
Agder Sekretariat er oppretta for å dekke sekretariatfunksjonen for kontrollutvalet i kommunane Audnedal, Bygland, Bykle, Evje og Hornnes, Farsund, Flekkefjord, Hægebostad, Iveland, Kvinesdal, Lindesnes, Lyngdal, Mandal, Marnardal, Sirdal, Valle og Åseral.
Kontaktperson
Dagleg leiar: Inger Lise Austrud
Telefon: 91 86 99 75
E-post: inger.lise.austrud@asekretariat.no
Adresse: Postboks 120, Nesgt. 7, 4491 Kvinesdal
Kontrollutvalet sine medlemmer
Kontrollutvalet sine oppgåver
Kva er eit kontrollutval?
Kontrollutvalet er kommunestyrets reiskap for demokratisk innsyn og kontroll med alle sider ved kommunens verksemd. Kontrollutvalets mål er derfor å påse at kommunen følger regelverket, og at verksemda er målretta, effektiv og etisk til beste for kommunens innbyggarar. Kontrollutvalet skal også påse at kommunen har ei forsvarleg revisjonsordning og at kommunestyrets vedtak følges opp.
Ei hovudoppgåve for kontrollutvala er å bestille årlege forvaltningsrevisjonsrapporter, der ein går gjennom eit verksemdsområde i kommunen. Dette arbeidet uføres av revisor. Eit utdrag av dei siste rapportane finn du på revisors internettsider - les meir.
Kommunestyret vel sjølv medlemmane til kontrollutvalet. Utvalets arbeid vert regulert i kommunelova og egen forskrift. Kommunestyret får seg forelagt kontrollutvalets rapporter og tar stilling til oppfølging. Meir om kontrollutvalets oppgåver finner du i forskrifta.
Kontrollutvalet held sine møter for opne dører.
Kven er medlem i kontrollutvalet?
Kommunestyret står fritt til å utpeike medlemmar til kontrollutvalet. Forskrifta stiller likevel krav om at kontrollutvalet skal ha minst fem medlemmer, og at minst eit av desse skal være medlem av kommunestyret. Medlemmer i kontrollutvalet kan derimot ikkje være representert i andre politiske utval. Tilsette i kommunen kan heller ikkje være medlemmer i kontrollutvalet. Du finner meir om reglene for val av kontrollutval her.
Kan kommunen sjølv førebu sakene for kontrollutvalet?
Etter lovendring med ikrafttredelse 1. januar 2005 skal kontrollutvalet ha ein uavhengig administrasjon/sekretariat som verken er knytt til kommunen sjølv eller til kommunens revisor. Agder Sekretariat ivaretek denne funksjonen for i alt 13 kommunar i Agder. Sekretariatet har ansvar for at sakane handsamast av kontrollutvalet er forsvarleg utredet og at vedtak blir iverksett. Meir om sekretariatets oppgåver finner du her.
Kan eg som innbyggar klage på kommunale vedtak til kontrollutvalet?
Kontrollutvalet er ikkje eit klageorgan, og har derfor ikkje anledning til å handsame klager på enkeltsaker. Kommunane har eigne klageorgan som handsamar slike saker. i I mange kommunar er det formannskapet. Mange klagesaker sendes også til Statsforvaltaren for endeleg avgjersle. Kontrollutvalet kan likevel på eige initiativ eller på bakgrunn av konkrete saker vurdere om kommunens eigne retningslinjer og sentrale lover/forskrifter følges av forvaltninga, og evt. bestemme seg for å gjere eigne undersøkingar.
Kontrollutvalet handsamar heller ikkje det som i forvaltningslova vert kalla for enkeltvedtak, noko som bl.a. betyr at det ikkje er klagerett på vedtak som vert fatta i kontrollutvalet eller andre partsrettigheter knytt til enkeltvedtak. Kontrollutvalet fattar kun vedtak som angår kommunen. Skal eit vedtak vere bindande for kommunen (jf.. kontrollutvalsboka ), må kontrollutvalet fatte ei innstilling til kommunestyret om å vedta saken. Utvalet kan heller ikkje overprøve politiske prioriteringar eller politiske beslutningar som er føretatt av kommunens folkevalde organ eller som er fattet etter delegert fullmakt.
Korleis kjem eg i kontakt med kontrollutvalet?
Dersom du går inn på internettsidene til din kommune vil du finne namn på medlemmane i kontrollutvalet. Du kan ta skriftleg kontakt med kontrollutvalets leder eller med sekretariatet. Kontaktinformasjon til sekretariatet finner lenger nede på denne sida.
Kontrollutvalet sine møtepapir
Innkallingar og protokoller frå kontrollutvalets møter finnes på kommunen sine nettsider Kontrollutvalet sine møtepapir er ikkje unntatt offentlegheit så sant det ikkje er heimel i lov.
Opne møte i kontrollutvalet
Møta i kontrollutvalet er opne, det vil sei at alle som ønsker det kan vere til stades som tilhøyrar på møta. Møta lukkes dersom det handsamast saker der møta kan lukkes etter bestemmelsar i offentleglova eller andre bestemmelsar om lovpålagt teieplikt.
Møteplan for kontrollutvalet 2025
Møteplan for kontrollutvalet 2024
Møteplan for kontrollutvalet 2023
- 06.02.23 - Innkalling (PDF, 4 MB)
- 06.02.23 - Protokoll (PDF, 233 kB)
- 21.04.23 - Innkalling (PDF, 2 MB), Årsmelding 2022 (PDF, 2 MB), Rekneskap 2022 (PDF, 2 MB), Forvaltningsrevisjon - Barn i låginntektsfamiliar i Iveland kommune (PDF, 2 MB)
- 21.04.23 - Protokoll (PDF, 257 kB)
- 26.06.23 - Innkalling (PDF, 2 MB)
- 26.06.23 - Protokoll (PDF, 210 kB)
- 02.10.23 - Innkalling (PDF, 4 MB)
- 02.10.23 - Protokoll (PDF, 329 kB)
- 27.11.23 - Innkalling (PDF, 588 kB)
- 27.11.23 - Protokoll (PDF, 217 kB)