Send sikker post til Bygland kommune
Difor bør du bruke e-dialog
Mange sender oss dokument pr. e-post. E-post er ikkje ein sikker kanal, den kan hackast, e-postar kan bli stoppa av spamfilter, eller det kan vere andre grunnar til at den ikkje kjem fram.
eDialog er ein sikker kanal der du kan kontakte oss og sende oss dokument. Alt som blir sendt gjennom denne kanalen blir lagt inn i vårt sak-/arkivsystem.
Vi oppmodar både privatpersonar, bedrifter og organisasjonar til å nytte eDialog til å sende dokument trygt inn til oss.
Slik brukar du e-dialog
For å bruke tenesten, må du logge deg på/autentisere deg ved hjelp av ID-porten. Hjelp til å logge på. Når du har logga inn, fyller du ut skjemaet og lastar opp eventuelle dokument du vil sende til oss (dokumente må vere i pdf-format).
Spørsmål og svar
- Om det du sender oss gjeld deg som privatperson skal du bruke fødselsnummeret ditt, om du sender inn på vegne av ei verksemd/organisasjon skal du bruke oranisasjonsnummeret til verksemda/organisasjonen
- Obligatoriske felt er merka med * (raud stjerne)
- Tittel: Her skal du fylle inn kva saka gjeld, gjerne saksnummeret om du kjenner til det.
- Kommentar: Gi ei god beskriving av kva saka gjeld
- Hugs å laste opp relevante vedlegg (må vere i PDF-format)
- Klikk på "Send forsending". Forsendinga blir kryptert og sendt direkte til vårt saks-/arkvisystem.
- Du får kvittering med referansenummer på e-post.
- Det er ein sikker kanal
- Det gir ein sikker identifikasjon av avsendar
- Det som blir sendt med eDialog blir mottatt i Bygland kommune sitt sak-/arkivsystem