Høyring av planprogram for kommuneplanen sin samfunnsdel og planstrategi

Kommunestyret vedtok 14. mars 2024, sak 21/24, å varsle oppstart av planarbeid og legge planprogram for kommuneplanen sin samfunnsdel og planstrategi for Bygland kommune ut til høyring og offentleg ettersyn.

Kommunestyret skal minst ein gong i kvar valperiode, og seinast innan eit år etter konstituering, utarbeide og vedta ein kommunal planstrategi. Utarbeiding og behandling av kommunal planstrategi kan bli slått saman med og vere ein del av arbeidet med kommuneplanen.

Kommunestyret vedtok 9. november 2023 å utnytte moglegheitsrommet for forenkling av planstrategien og planprogram for samfunnsdelen, og å utarbeide dokumentet Kommuneplanprogram 2024-2028 (sjå raud markering i figuern under) som inneheld viktige nasjonale og regionale føringar, kommunen sin situasjon og utviklingstrekk og prosess for revidering av samfunnsdelen.

Dokumentet Kommuneplangrunnlag 2024-2028 møter krava i plan- og bygningslova med omsyn til planprogram for kommuneplanen sin samfunnsdel og kommunal planstrategi. Innhaldet i dokumentet seier noko om retninga for ny samfunnsdel, kva for hovudføringar som gjeld for planarbeidet, viktige utviklingstrekk i samfunnet vårt og planprosessen. Dokumentet inneheld også ei oversikt over vedtekne og gjeldande strategiar og temaplanar. Vurdering av øvrige planbehov blir gjort etter at kommuneplanen sin samfunnsdel er vedtatt. Det er ei målsetting å ha ei årleg rullering av prioriterte planbehov i samband med rullering av økonomi- og handlingsplanen. Det gir moglegheit for å vurdere prioriteringar i lys av tilgjengelege ressursar og kapasitet og ta høgde for endra rammeføresetnader.

Hovudmodell for politisk diskusjon om innhaldet i samfunnsdelen tidleg i kvar valperiode enten kommunestyret ønsker mindre eller større endringar i samfunnsdelen.

Høyringsdokument 

Kommuneplanprogram 2024-2028  (PDF, 2 MB)

Høyringsfrist

Eventuelle merknader eller innspel til kommuneplanprogrammet kan bli sendt til post@bygland.kommune.no eller til Bygland kommune, Sentrum18, 4745 Bygland.

Frist for å sende inn merknader er 3. mai 2024.