Næringsutvikling i ByglandBygland kommune satsar offensivt på næringsutvikling for å legge til rette for bedriftsetableringar og vekst av arbeidsplassar. Arbeidsplassar er av svært viktig for utviklinga av kommunen som ein god plass å bu og for all velferd.Blå og grønn næringsutvikling er eit satsingsområde i ByglandBygland kommune som omstillingskommuneOmstillingsprogrammet er ein ekstraordinær innsats for kommunar og regionar der det lokale næringslivet har forvitra og der mange arbeidsplassar har gått tapt. Bygland kommune har kome med i programmet, og mykje vil skje på desse sidene som vil gjelde næringsutvikling.Vi ser for oss at arbeidet med omstilling startar i løpet av dei første månadane i 2024.Følg med, dette blir spanande! Aktørar innan næringsutvikling:Bygland næringslagPågang næringshage Bygland kommune sitt næringsfond Prioriterte tiltak og satsingarTilskot til bedriftsutvikling, kompetanseheving og innovasjon blir prioritert. Investeringar i infrastruktur som kjem fleire verksemder eller ei heil næring til gode skal prioriterast. I tillegg vil ein legge vekt på fylgjande moment:- Sysselsettingseffekt generelt- Verdiskaping- Prosjekt som omfattar fleire verksemder/samarbeidsprosjekt- Lokale behov- Prosjekt som er med på å betre sysselsettingssituasjonen for ungdom, vert prioritert- Tiltak som trygger eksisterande arbeidsplassar Korleis søker du?Søknaden skal sendast inn via portalen www.regionalforvaltning.no. Søknadar som kjem direkte, blir sendt i retur.Vi behandler fortløpande søknadar som kan bli behandlar administrativt. Lenke til retningsliner for søknadar til kommunalt næringsfond i Bygland kommune (DOCX, 38 kB)Lenke til mal for forretningsplan Bygland kommune (DOCX, 26 kB) Setesdal Interkommunalt Politisk Råd (SIPR) SIPR er ein interkommunalt samarbeid mellom kommunane Evje og Hornnes, Bygland, Valle, bykle og Åseral. SIPR har som formål å utvikle Setesdalsregionen. Hovudmålet er levande inkluderande lokalsamfunn i ein vekst- og berekraftig region. Lenke til SIPR Regionalforvaltning.no Her kan du sende inn søknadar på støtteordningar som er utlyste på Refionalforvaltning.no. Aktuelle ordningar finn du i menyen på sidene, eller under Støtteordningar i toppmenyen på sidene. Du må registrere deg på sidene. Lenke til Regionalforvaltning.no KS - kommunesektoren sin interesseorganisasjon I tillegg til å vere interesseorganisasjon, er KS også ein utviklingspartnar. Alle kommunane og fylkeskommunane er medlemmer i KS. Lenke til KS sine sider om næringsutvikling Publisert 14.07.2023 11:00 Sist endra 13.12.2024 07:32