Bygland kommune, gjennom det kommunalt eigde eigedomsselskapet Byglandstunet AS, lyser ut eit sentralt næringslokale i Bygland sentrum, rett ved sida av Joker-butikken. Lokalet blir i dag nytta som frisørsalong og er tilpassa slik drift, men vi er òg opne for andre verksemder som kan passe inn i eit tilsvarande lokale og styrke tilbodet i sentrum.
Både nye etableringar og etablerte verksemder som vurderer å flytte er velkomne til å søkje.
Næringslokale i Bygland sentrum
Bygland kommune
Om lokalet
Lokalet er per i dag innreia for frisørverksemd, med høve for mindre tilpassingar ved behov. Det ligg i eit sentrumsnært område med god tilgjengelegheit, nær andre tenester, som til dømes daglegvarehandel, skule, barnehage og kommuneadministrasjon. Lokalet har same inngong som Joker Bygland.
Meir informasjon om storleik, kostnader og leigevilkår blir gitt i dialog med aktuelle søkjarar.
Bileta under viser korleis lokalet er innreia i dag.
Kven kan søkje?
Vi ønskjer å kome i kontakt med:
- Frisørar
- Aktørar innan velvære, tenesteyting eller småskala handel
- Andre verksemder som kan passe i eit tilsvarande lokale
Søknaden bør innehalde:
- Ei skildring av konseptet eller verksemda (ny eller eksisterande).
- Eksisterande verksemder må gjerne legge ved rekneskap.
- Eventuell relevant erfaring eller kompetanse
- Planar for drift og opningstider
- Kontaktinformasjon
- Eksisterande verksemder må oppgi organisasjonsnummer.
Spørsmål
Spørsmål kan sendast til:
post@bygland.kommune.no
Søknadsfrist
7. april 2026
Korleis søkje
Send søknaden på e‑post til:
post@bygland.kommune.no
Merk e‑posten med: «Søknad – næringslokale Byglandstunet»
Bygg Bygland
Om du er eksisterande bedrift eller ei ny bedrift, kan du også kontakte Bygg Bygland v/ moglegheitsutviklar Gyro Heia, for å sjekke ut moglegheiter for støtte til etablering.
Kontaktinformasjon: gyro.heia@bygland.kommune.no , mobil: 91717521.
Næringslokale i Bygland sentrum
Bygland kommune
Næringslokale i Bygland sentrum
Bygland kommune
Næringslokale i Bygland sentrum
Bygland kommune