Offentleg ettersyn - Årsbudsjett 2025 og økonomi- og handlingsplan 2025 - 2028

Formannskapet behandla årsbudsjett 2025 og økonomi- og handlingsplan 2025 - 2028 i møte den 28.11.24. Saka blir lagt ut til offentleg ettersyn i tida 29.11.24 - 11.12.24

Sjå framlegg til budsjett 2025 og økonomi- og handlingsplan 2025 - 2028, samt prisliste/gebyrregulativ for 2025 og protokoll frå formannskapsmøtet 28.11.24 lenger nede i saka.

Formannskapet har kome med forslag til endringar i budsjettframlegget. Det betyr då at det dokumentet som blir lagt ut til offentleg ettersyn, faktisk er formannskapet si innstilling til budsjett, og innbyggarar og andre kan kome med innspel til dei føreslegne endringane.

Vi gjer og merksam på at formannskapet valde å legge fram forslag til endringar i investeringsbudsjettet, men ikkje røyste over forslaga. Difor vil forslag til endringar i investeringsbudsjettet kun bli synlege under “Behandling”  i protokollen, ikkje under “Vedtak”.

Dokument i saka

 

Kommentarar:

 

Har du innspel til saka? Då kan du sende e-post til post@bygland.kommune.no innan 11.12.24