Stoga har fått støtte frå Bufdir til et 3-årig prosjekt for inkludering av barn og unge i Bygland. Me har difor starta opp Stoga Kunstakademi (SKA), for elever i 8.-10. klasse i Bygland.
Kvar fredag 1445-1715, middag og frukt, gode samtalar og problemløysingar, diskutere idéar, le av nokre, og gjennomføre nokre.
Me har eit sceneoppdrag med jobbar med, eit teaterstykke som me gjerne vil sette opp, ei dukketeaterrigg under utforming, og andre små og store prosjekt, men viktigare er trivsel og å ha det gøy.
Ungdom som vil være med må sjølv sende ein søknad på papir, mail, lydfil, film, sms, bodstikke eller anna. Kva som skal stå i søknaden er opp til søkaren, men den må på eit eller anna vis forklare kven du er, og kvifor du søker.
Ungdom som er for unge eller for gamle, eller kjem frå ein nabokommune, kan óg søke og få plass om det ikkje fortreng nokon frå den primære målgruppa.
Kontakt: Olav Grendstad, 90 66 54 59